NSF sitt bistandsarbeid gir viktige resultat for sjukepleiarar i Sør-Aust Afrika

Rekruttering av nye medlemmer er eit viktig fokus for organisasjonane. Denne annonsa er henta frå NONM sitt nyheitsbrev #1 2025. Foto: NONM.

Rekruttering av nye medlemmer er eit viktig fokus for organisasjonane. Denne annonsa er henta frå NONM sitt nyheitsbrev #1 2025. Foto: NONM.

Gjennom bistandsprogrammet «Close the Gap», med støtte frå Norad, samarbeider NSF med sjukepleiarorganisasjonar i Malawi, Rwanda, Tanzania og Zimbabwe. Målet er å styrke organisasjonane slik at dei kan representere og ivareta interessene til sjukepleiarar og jordmødrer i sine eigne land

Sterke sjukepleiarorganisasjonar gir gjennomslag

I Malawi har samarbeidet bidrege til fleire konkrete resultat. National Organisation of Nurses and Midwives of Malawi (NONM) har mellom anna medverka til rekruttering av 706 sjukepleiarar og jordmødrer, bidrege til at 345 helsearbeidarar har fått opprykk og betre kompensasjon ved ekstraarbeid.

I Rwanda og Zimbabwe har sjukepleiarorganisasjonane styrka dei juridiske tenestene til medlemene.

Vekst i medlemskap og lokalt engasjement

Fleire av samarbeidsorganisasjonane har òg lykkast med å rekruttere nye medlemer og styrkje dei lokale strukturane sine. Både Rwanda Nurses and Midwives Union (RNMU) og Tanzania National Nurses Association (TANNA) overgjekk måla sine for medlemsvekst i 2025.

Auka fokus på inkludering og likestilling

Arbeidet med inkludering og likestilling har hatt ein viktig plass i 2025. I Rwanda har organisasjonen gjort hovudkontoret meir tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjingar og styrka arbeidet mot seksuell utnytting, trakassering og overgrep.

I Malawi har NONM halde fram arbeidet med å fremje kvinneleg leiarskap gjennom dokumentaren Rise, Lead, Transform.

Samtidig har alle samarbeidsorganisasjonane arbeidd med å styrkje kunnskapen om likestilling, inkludering og representasjon i eigne organisasjonar.

RNMU gruppeøvelse 2025 Andre Gitembagara
RNMU ønskjer at fleire sjukepleiarar skal få leiarstillingar. Her leiar president i RNMU Andre Gitembagara ei  gruppeøving under organisasjonen si kursrekke “Young Leadership Training”. Foto: RNMU.

Utfordringar i krevande kontekstar

Samtidig har året vore prega av økonomiske utfordringar i fleire av samarbeidslanda. Høg inflasjon og økonomisk uro, særleg i Malawi og Zimbabwe, har påverka både organisasjonane sin økonomi og kvardagen til medlemene. Fleire av samarbeidslanda har i tillegg vore prega av politisk uro og usikre rammevilkår. Mellom anna påverka valrelaterte spenningar og omfattande demonstrasjonar Tanzania i 2025, medan organisasjonen i Zimbabwe framleis arbeider i ein krevjande politisk kontekst med lite rom for organisasjonsfridom og rettigheitsarbeid.

Dei nye samarbeidspartnarane i Tanzania og Zimbabwe òg har brukt mykje tid på å styrkje organisasjonsstruktur og system for å handtere medlemsvekst, auka inntekter og krav til transparent økonomisk styring.

Trass i utfordringane viser resultata frå 2025 at samarbeidsorganisasjonane står sterkare enn ved starten av programperioden i 2024. Dei har auka påverknadskrafta si, nådd fleire medlemer og styrkt arbeidet for betre arbeidsvilkår og helsetenester.