Frå forskingside til internasjonal publisering

Representantar frå NONM markerer tildeling av forskingsmidlar gjennom satsinga som vart støtta av NSF. Foto: Lameck Kwlimba / NONM

Representantar frå NONM markerer tildeling av forskingsmidlar gjennom satsinga som vart støtta av NSF. Foto: Lameck Kwlimba / NONM

Gjennom prosjektet «Close the Gap: Sufficient, Competent and Motivated Nurses and Midwives» jobbar NSF med å styrke sjukepleiarorganisasjonar i sørlege Afrika. NSF har samarbeida med National Organisation of Nurses and Midwives of Malawi (NONM) sidan 2006.

Stor interesse for ny kunnskap

I 2025 bidrog prosjektet mellom anna til ei stipendsatsning med formål om å styrke kunnskapsproduksjon og -dokumentasjon blant sjukepleiarar og jordmødrer i Malawi.

Det var stor interesse for satsinga, og NONM fekk 46 søknader. Etter ei grundig vurdering vart 11 prosjekt valde ut for støtte gjennom ordninga finansiert av NSF. Grunna stor interesse for initiativet jobbar no NONM med å utvide satsinga og støtte endå fleire prosjekt i 2026 og 2027.

Frå lokale utfordringar til ny kunnskap

Eit viktig mål med samarbeidet mellom NSF og NONM er å styrkje organisasjonen slik at dei kan jobbe for medlemmene sine arbeidsforhold og vilkår og styrke helsetenesta i Malawi. Moglegheita til å utvikle og formidle oppdatert kunnskap er noko medlemmene har etterlyst over tid.

I oktober 2025 samla NONM deltakarane til eit nasjonalt formidlingsseminar der prosjekta vart presenterte for kollegaer, fagmiljø og andre interessentar. NONM brukar også denne nye kunnskapen i påverkingsarbeidet sitt, noko som har vore viktig for kunnskapsbasert politikkutforming.

Forsking med internasjonal merksemd

To av prosjekta som fekk støtte, har allereie resultert i publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift. 

Den eine studien undersøkte behandlingsresultat for vaksne pasientar med tarmobstruksjon ved Mzuzu Central Hospital. Forskarane fann at alvorleg sjukdomsgrad ved innlegging og tydeleg oppblåst buk var dei viktigaste faktorane som påverka behandlingsutfallet. Studien peikar på kor viktig tidleg vurdering og rask kirurgisk behandling er for å betre pasientresultata.  

Den andre studien såg på behandling av brannskadar ved same sjukehus. Sjukepleiarane undersøkte kunnskapen til helsepersonell om væskebehandling ved alvorlege brannskadar. Resultata viste generelt god kunnskap og god etterleving av etablerte behandlingsprotokollar, men identifiserte samstundes behov for meir etter- og vidareutdanning for helsepersonell, eigne einingar for behandling av brannskadepasientar og meir standardiserte behandlingsrutinar. 

Små midlar med stor betydning

I tillegg til dei vitskaplege publikasjonane førte satsinga til konferansepresentasjonar, styrkt forskings- og dokumentasjonskompetanse blant sjukepleiarar og jordmødrer og utvikling av eit nytt dokumentasjonsverktøy for oppfølging av brannskadepasientar. Erfaringane viser korleis NSF si støtte kan bidra til konkret fagutvikling og betre kvalitet i helsetenesta.