Leiarar treng óg lovas vern 

Dommerklubbe

Bilde Pixabay

Ein fersk dom frå Høgsterett har klargjort kva som faktisk skal til for at ein arbeidstakar kan vera unnateke frå arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid og overtidsbetaling. Saka gjaldt ein prosjektleiar med stort ansvar, høg grad av sjølvstende og styring av omfattande prosjekt. Likevel kom Høgsterett fram til at stillinga ikkje var ei «særleg uavhengig stilling».  

Det avgjerande var at arbeidstakaren ikkje hadde reell kontroll over eiga arbeidsmengd eller når arbeidet måtte utførast. Fristar, prosjektkrav og forventningar frå kundar og samarbeidspartnarar styrte i stor grad arbeidstida. Høgsterett slo fast at fleksibilitet, ansvar og sjølvstendig arbeid ikkje er nok. For å vere unntatt frå overtidsreglane må arbeidstakaren ha tydeleg og openberr fridom, også når det gjeld omfanget av arbeidet og tidspunktet det skal utførast.  

Dommen er viktig fordi mange arbeidsgjevarar no må sjå på nytt korleis dei har klassifisert tilsette som «særleg uavhengige». Feil klassifisering kan innebere at arbeidstakarar har krav på overtidsbetaling som dei tidlegare har blitt nekta.  

Samtidig er det grunn til å vere merksam på kva som kan bli konsekvensen av den nye rettsavklaringa. Når Høgsterett strammar inn vilkåra for «særleg uavhengig stilling», kan enkelte arbeidsgjevarar freistast til å nytte kategorien «leiande stilling» for å halde tilsette utanfor overtidsreglane. Det er viktig at dette ikkje blir ein måte å omgå intensjonen i dommen på. 

Spørsmålet er ikkje fyrst og fremst kva som står i arbeidsavtalen eller stillingsomtalen. Det avgjerande er korleis arbeidskvardagen faktisk ser ut. Har leiaren reell fridom til å styre eiga arbeidstid og eiga arbeidsmengd? Eller er vedkomande bunden av møte, personalansvar, budsjett, fristar og krav om tilgjenge på same måte som mange andre arbeidstakarar? 

Dommen frå Høgsterett er ei viktig påminning om at arbeidsmiljølova sitt vern skal gjelde for dei fleste arbeidstakarar. Unntaka skal vere nettopp det – unntak. Dersom arbeidsgjevarar no tek i bruk andre stillingskategoriar for å fråta tilsette retten til overtidsbetaling, risikerer vi å undergrave både lova sitt formål og tilliten som den norske arbeidslivsmodellen byggjer på.  

Vi rår deg som har ein arbeidskontrakt med nemninga  "særskild uavhengig stilling", å sjekka ut kva vilkår du er tilsett på. Om du er usikker på vilkåra, så tar du kontakt med Norsk Sykepleierforbund. 

Arbeidstidsvern er ein grunnleggjande rett for alle.