Tapas og fag i Møre og Romsdal

Devoldfabrikken

Frå fagkvelden på Devoldfabrikken utanfor Ålesund

Fyrste kvelden var vi i Molde, på fylkeskontoret og andre kvelden var vi på Devoldfabrikken utanfor Ålesund. Begge stadane hadde vi svært godt oppmøte, deilig tapas og viktig fag. Gro Versto Larsen og Linda Skibenes holdt foredrag om fødselsdepresjon og eigne erfaringar med ECT i barseltida. Mellom desse kveldane var vi på besøk på føden i Molde.

Gro V larsen
Gro V. Larsen og Linda Skibenes.
Fagkveld Molde
Seniorrådgivar Sara F. Wiik fortel om Jordmorforbundet NSF. Fagkvelden i Molde hadde vi på Fylkeskontoret.
Jordmor Molde
På besøk på føden i Molde - omvisning av Jordmor Astrid Mære
Halloween
På føden i Molde var dei klare til Halloween.
Molde føden
f.v Elise Vågsholm (Landsstyret NSFJ), Jordmor Astrid Mære, Jordmor June, Sara F. Wiik (Seniorrådgivar), Gjermund Moe (Nestleiar NSF Møre og Romsdal).
Gjermund Moe
Så var det tid for fagkveld på Devoldfabrikken. Gjermund held innlegg om fylkeskontoret sin funksjon
Linda og gro
Også her holdt Linda og Gro sterkt foredrag
Cormorant
Etterpå fekk vi opp stemninga med lokalgruppa Cormorant. Ein dyktig gjeng frå Søre Sunnmøre

Vi hadde også eit mål om å etablere ei lokalgruppe i Møre og Romsdal for å få til endå fleire lokale arrangement, det fekk vi:

Annelen Henriksen (føden i Molde)

Kristine Naas Sjøholt (Hustadvika kommune)

Helene Ulveseth (føden i Molde) (leiar)

Linda Hansen (føden i Ålesund- ultralydjordmor)

Therese Henriksen (føden i Ålesund)

Vi gledar oss til fortsettelsen i Møre og Romsdal