Stortinget har vedteke RS-beskyttelse

rine

Eit etterlengta vedtak

RS-virus er ein av dei vanlegaste årsakene til alvorlege luftveisinfeksjonar hos spedbarn. Rundt 1 000 norske barn under eitt år blir årleg innlagde på sjukehus med RS-infeksjon. Mange av desse er tidlegare friske barn som plutseleg får pustevanskar og treng avansert behandling.

Sjølv om både Folkehelseinstituttet, fagmiljø og internasjonale helsemyndigheiter lenge har anbefalt førebygging, har tiltaket latt vente på seg. I praksis har foreldre og gravide måtta betale for beskyttelse sjølve – noko som har skapt sosial ulikskap i tilgang til helsehjelp.

No blir vi lytta til

Jordmorforbundet NSF har saman med Norsk barnelegeforening, Barnesjukepleiarane NSF, Helsesykepleiarane NSF, Prematurforeningen og NAAF arbeidd målretta for å få på plass ei nasjonal ordning. I mars sende organisasjonane eit felles brev til Helse- og omsorgskomiteen, og følgde opp då revidert nasjonalbudsjett ikkje inneheldt midlar til RS-beskyttelse.

sara

Leiar i Jordmorforbundet NSF, Sara Fugledal Wiik, uttrykker stor glede over dagens vedtak:

– Jordmorforbundet NSF er veldig glade for at vi har blitt lytta til. At vi har stått om dette saman, gjer oss sterkare. Jordmødre fortel at dei i dag sit og vurderer dei gravide sine økonomiske situasjonar før dei anbefaler vaksina. Det skaper sosial ulikskap. No får vi endeleg ei løysing som sikrar likeverdige helsetenester for alle gravide og spedbarn.

Førebygging av RS-virus handlar ikkje berre om å hindre akutt sjukdom. Forskning viser at barn som unngår alvorleg RS-infeksjon i første leveår, har lågare risiko for å utvikle astma og andre luftvegsplager seinare i barndommen.

Andre nordiske land har allereie innført RS-beskyttelse og rapporterer dramatisk reduksjon i sjukehusinnleggingar – opp mot 95 prosent i Finland.

Når skjer det?

Dagens vedtak betyr at regjeringa no må sikre finansiering og plan for innføring av RS-beskyttelse i løpet av hausten 2026. For Jordmorforbundet NSF er dette eit avgjerande steg mot meir rettferdige og kunnskapsbaserte helsetenester for gravide og spedbarn.

Jordmødre over heile landet har lenge stått i eit krevjande krysspress mellom faglege anbefalingar og gravide sine økonomiske moglegheiter. Med dette vedtaket blir ansvaret løfta dit det høyrer heime – til helsemyndigheitene.

Vi var skuffa over at vi ikkje såg dette i revidert nasjonalbudsjett, men går utifrå at det kjem til ordinært 2027 budsjett.